BABYEN KJEM!
Den vesle i magen melder sin ankomst, veldig snart skal de få møte babyen de har venta så lenge på! Heile kroppen er fylt av spenning, nervøs og glad på same tid. Fødselen og det aller første møte med babyen, eit heilt nytt liv, kva kan vel vere større enn det som ventar no!
Kva er fødselsfotografering?
Fødselsfotografering er etterkvart meir og meir vanleg og ettertrakta rundt om i Norge, slik det lenge har vore i utlandet. Som fødselsfotograf følger eg den fødande, forevigar og dokumenterar fødselen, på ein diskret og behagelig måte. Før fødselen vil vi møtast, ein eller fleire gonger, alt etter som kva som er ønskelig. Der snakkar vi om tankar rundt fødselen, og vi lagar gode avtalar for korleis fotograferinga skal foregå. Eg vil alltid også ha ein dialog med ansvarleg jordmor, etter de har informert sjukehuset om at de ønsker at eg skal vere med. Når fødselen er i gang, tar de kontakt med meg så fort som råd, og eg vil då møte dykk på fødestaden de har valgt. Eg blir gjerne også eit par timar etter babyen er født, slik vi får sikra oss magiske bilder frå den første stunda de har saman med den vesle.
Fødselspartneren vil nok setje stor pris på å kunne få konsentrere seg om si fødande kvinne, i staden for å bekymre seg for ansvaret med å dokumentere den store hendinga! Eg hadde sjølv med meg profesjonell fotograf, under min 4. fødsel, og eg har ikkje angra eit sekund på det! Det var fantastisk å ha min mann 100 % tilgjengeleg for meg, under heile fødselen. Og det utan bekymring for at vi ikkje skulle ha bilder å sjå tilbake på.
Eg tilbyr fødselsfotografering, der eg diskret følger den fødande, og foreviga øyeblikka. Eg vil ikkje bruke sjenerande blits under fotograferinga, men heller profesjonelt utstyr, som bla lyssterke objektiv og kamera som taklar høgare iso, utan at det går på bekostning av kvaliteten i bilda, sjølv under vanskelige lysforhold. Eg vil aldri blande meg inn i det som skjer på fødestova, utan at eg får beskjed om det. Eg vil også gi dykk tid for dykk sjølve, om fødselen dreg ut i tid. Og de vil alltid ha anledning til å be meg om å gå ut, utan at eg stiller spørsmålstegn til det. Eg garanterar at eg er ein roleg og trygg person å ha med, med respekt for privatlivet dykkar. Med mi personlege erfaring som 4-barns mamma, og mi profesjonelle erfaring med fleire hundretals nybakte foreldre i studio, har eg eit godt grunnlag for å kunne vere ei god støtte gjennom fødselsarbeidet, for dei som ønskar det.
Også for barnet vil bilda frå fødselen vere fantastiske å ha. Tenk å få anledning til å vere «fluge på veggen», under sin eigen fødsel, kven ville ikkje ønske det? Eit delikat album med dokumentariske bilder, finare gåve til sitt barn skal ein leite lenge etter. Den perfekte dåps- eller 1 års gåva! Ta vare på minna gjennom stemningsfulle, sarte og kraftfulle bilder. Bilder som tar dykk tilbake til den store dagen, om og om igjen. Få hjelp til å hugse, også detaljane som vi så fort gløymer.
Bilda frå fødselen er inkludert i prisen, og de vil få eit ubegrensa antall .jpg-filer med alle rettigheter til privat bruk. Det er mogleg å bestille alt av produkter (album, forstørrelsar, takkekort osb) hjå meg, men det er inga plikt. I all hovedsak vil bilda bli levert i svart-kvitt, men med nokre unntak, der bilder blir levert både i farge og svart-kvitt.
Har de spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt!
P.s. Bilder vil sjølvsagt aldri bli delt med andre, utan samtykke frå dykk.
KVIFOR TA MED FOTOGRAF PÅ FØDEN?
- Far/fødselspartneren får fri. Fri til å hjelpe si fødande kvinne, til å vere 100% tilgjengeleg, og til å nyte fødselsøyeblikket. Overlat alt det fototekniske til meg, og slepp skuldrane ned. Eg tar bilder av det som skjer under fødselen, også far/fødselspartneren er ein stor del av det som skjer, og bør vere foran og ikkje bak kamera. Når babyen er født får de alle vere med på dei første bilda saman, følelsar til å ta og føle på, og minna vil vare for evig!
- Fødselshistoria vår. Vi vil gjerne minnast mest mogleg, ikkje berre dei første øyeblikka etter fødselen, slik som er vanlig. De får bilder heilt frå starten, av dykk samen, bilder av styrke, nærleik, arbeid, kjærleik, pausar, detaljar, mennesker involvert, lokalet, miljøet, stemninga. Dette er ofte ting som den fødande ikkje får med seg i forløpet, men som er verdifullt å ha for ettertida. Kvinna får sjå sin eigen fødsel frå eit anna perspektiv, noko som er veldig stort.
- Kompetanse gir tryggleik og kvalitet. Bilda vil holde høg kvalitet, og opptaket skjer alltid i raw-format. Eg har god kompetanse, og brukar profesjonelt kamerautstyr. Tilsaman gir det kvalitet, også under utfordrande forhold som ein fødestad kan by på. Eg balanserar fargar, kontrast, lys og skuggar mm i etterkant, slik at resultatet blir ei samling heilskapleg og delikate bilder. Kvalitetsbilder frå ein av dei aller viktigaste dagene i livet dykkar.
- Minner for evig. Å få oppleve å setje eit nytt liv til verda, er inga sjølvfølge, og ei heller noko vi gjer monge gongar i løpet av vårt liv. For dei aller fleste er dette ein opplevelse som setter djupe spor. Det er godt å kunne sjå tilbake på vakre bilder av denne fantastiske reisa. De kan dele minna med dykkar nærmaste. Lag ein vakker album eller fotobok, med dei mest følelsesladda fotografia de nokon gong har hatt. Kanskje vil de setje eit bilde i glas og ramme, eller lage ein fin bildekollasje til veggen? Bilda kan leve i generasjonar.
PRISOVERSIKT -
FØDSELSFOTOGRAFERING | 15000,-
Inkluderar:
- Bli-kjent-møte i forkant.
- 24 timers døgnberedskap frå du er i veke 38 og fram til fødsel.
- Fotografering av fødselen + 1-2 timer etter babyen er født (uavhengig av lengda på fødselen)
- Etterarbeid bilder + arkivhold
- Levering av ubegrensa antall ferdig redigerte bildefiler, i høg oppløsning.
PLANLAGT KEISERSNITT | 12 000,-
Inkluderar:
- Bli-kjent-møte i forkant.
- Fotografering av fødselen + 1-2 timer etter babyen er født (uavhengig av lengda på fødselen)
- Etterarbeid bilder + arkivhold
- Levering av ubegrensa antall ferdig redigerte bildefiler, i høg oppløsning.
"HEILT FERSK" | 2500,-
Inkluderar:
- Fotografen sin beredskap rundt termindato, for å kunne nå dykk innan 48 timar etter babyen er født
- Fotografering på barselavdeling/evt i heimen (1-2 timer)
- Etterarbeid bilder + arkivhold
- Kjøp av bilder kjem i tillegg
HEIMEFØDSEL | 15 000,-
- Inkluderar det same som ved vanleg fødselsfotografering.
"3 for 2" | PAKKETILBUD | 18 000,-
Gravid + Fødsel + Nyfødtfotografering i studio/i heimen = "3 for 2"
Inkluderar:
- Bli-kjent-møte i forkant (kan takast samtidig med gravidfotografering)
- 3 stk ulike fotograferingar:
- Gravidfotografering: Dokumentariske bilder på avtalt lokasjon eller studiobilder - bilder ikkje inkludert (verdi 2000,-)
- Fødselsfotografering: Dokumentariske bilder frå fødsel - ubegrensa antall bilder inkludert (verdi 15 000,-)
- Nyfødtfotografering i studio eller i heimen, innan 14 dagar etter fødsel - bilder ikkje inkludert (verdi 2500,-)
- Etterarbeid bilder + arkivhold
- God rabatt på ditt spesialdesigna eksklusive Album/Fotobok, med bilder frå alle 3 fotograferingane.
Ved bestilling av "3 for 2" pakken, vil de få 50 % rabatt på:
- Baby (2-10 mnd)
- 1 års fotografering
- Familiefotografering innan 2 år etter fødselen.
HEILT FERSK
"Heilt fersk"- fotografering, takast innan 48 timar etter babyen er født.
For dei som ikkje ønsker, eller ikkje har anledning til å ta med fotografen under sjølve fødselen, fortvil ikkje. Eg kan tilby å kome til barselavdelinga innan 48 timar etter babyen er født. Fortsatt er babyen "heilt fersk", og mange av dei unike nyfødttrekka vil fortsatt vere intakt, i alle fall om ikkje babyen har fått sitt første bad. Dei herlege første timane saman med barnet, skaper ei heilt spesiell og magisk stemning. Dei nære og vakre stundene mellom den nyfødte babyen og foreldra, vil eg gjerne dokumentere og forevige for dykk. Kanskje ønsker de også å få foreviga det første møtet mellom babyen, søsken og/eller besteforeldre? Stemninga er til å ta og føle på i slike situasjonar, og de vil sitte igjen med autentiske og stemningsfulle bilder, som vil bety uendeleg mykje for heile familien i åra framover.
Pris: 2500,-
Prisen inkluderer beredskap rundt termindato + fotografering + etterarbeid bilder.
Bilder kjøpes i tillegg.
GRAVIDFOTOGRAFERING
Mange som ønsker fødsels- og/eller nyfødtfotografering, ønsker også bilder frå tida med babyen i magen. Gravidbilder kan godt takast på same tid som vi treffast for å bli litt bedre kjend, og planlegg fødselsfotograferinga. Det er sjølvsagt også mulig å bestille gravidfotografering, utan at de har tenkt å fotografere fødselen! Bilda kan ha eit dokumentarisk uttrykk, for å harmonere godt med bilda frå fødsels-/"Heilt fersk"-fotograferinga. Nokre gravide kvinner er også meir komfortabel med naturlege og autentiske bilder frå svangerskapet. Det er også fullt mogleg å ta turen til studio, for dei meir typiske studiobilda. Noko av det vakraste som fins er ei gravid kvinne, vel verdt å forevige hjå fotografen!
Bilder frå graviditeten er med på å dokumentere og fortelje heile historia «Bump to Baby». Svangerskapet er så fantastisk, og det er ei fin tid å minnast. Bilder frå den veksande magen er også veldig fine å kombinere med fødsels-/nyfødtbilder, når ein for eksempel skal lage album til babyen. Ditt barn vil setje stor pris på ei slik minnerik og verdifull gåve.
Pris: 2000,-
Prisen inkluderer fotografering, etterarbeid bilder og arkivhold.
Kjøp av bilder kjem i tillegg.
OM FOTOGRAFEN
Cecilie Hatløy starta si karriere som profesjonell fotograf i 2010. Dei første åra valgte Hatløy å spesialisere seg innan nyfødt- og babyfotografering, og vart raskt kjend for sine nyfødtbilder og Lykkeliten Studio. I dag fotograferar ho like mykje for næringslivet, som for dei private kundane.
Hatløy har også utmerka seg som ein dyktig portrettfotograf, og gjekk i 2018 heilt til topps i portrettkategorien i Landskonkurransen for profesjonelle fotografer i Norge. Ho er også godt kjend for sitt pågåande prosjekt "ØYFOLKET - Ein hyllest til portrettet og menneska". Dei siste åra har Hatløy også markert seg på det kommersielle markedet, og i Landskonkurransen 2019, tok ho både 1. og 2.plass i kategorien "Kommersielt".
Hatløy er ein engasjert og dedikert visuell formidlar, gjennom sine sterke portretter og eigne fotografiske prosjekt. Ho har i tillegg ei brennande interesse for sitt fag, og jobbar for å fremje fotografiet i vårt samfunn.
Hatløy har gjort det skarpt i både nasjonale og internasjonale konkurranser for profesjonelle fotografer.
Nokre av hennes utmerkelser og prisar:
The Qualified European Photographer (QEP) qualification aims to recognise and reward excellence in European Professional Photographers. FEP
2017 - TOPP 10 (7.plass) i Landskonkurransen NFF
2016 - Årets bilde + Årets barnebilde - Møre og Romsdal Fotograflaug (NFF)
2015 - EP kvalifisert
The European Photographer (EP) qualification aims to recognise competence and a professional standard for those who earn their lives as Professional Photographers. FEP
FOTOARKIV.
Som medlem av Norges Fotografforbund forplikter fotografen seg til å ta vare på sitt arkiv i minst 10 år.
Som kunde hos Fotograf Cecilie Hatløy AS, kan du føle deg sikker på at dine bilder oppbevares trygt i lang tid.
ETISKE RETNINGSLINJER + PRISUNDERSØKELSE NFF
Etiske retningslinjer for medlemmer av Norges Fotografforbund.
NFF arbeider for å sikre medlemmane eit miljø for optimal fagleg utvikling, høgast mogleg kvalitet på dei fotografiske produkt som leverast og så sunt miljø for økonomisk bærekraftig virksomhet som mogleg. På denne måten ivaretas våre kunders interesser på best mogleg måte.