REDAKSJONELLE OPPDRAG
Treng de fotograf til å sikre profesjonelle bilder frå dykkar arrangement eller hending? Kanskje er de sponsor for eit lokalt arrangement, og ønsker bilder frå dagen? Eg stiller meir enn gjerne, både tidleg og seint, og gir dykk den dekninga de ønsker! Har de behov for arkivbilder, frå liknande hendingar, eller arkivbilder som kan brukast til ulike tekstar, ta kontakt og eg kan garantert hjelpe dykk.
Opplag og omfang er med på å avgjere prisen.
UTSMYKKING
UTSMYKKING OG ARKIVBILDER
Fotografi til utsmykking av offentlege, kommunale eller private bygg. Kafèar, restauranter, hotell, kontorlokaler eller private heimar. Skip, båtar, eller til bruk på web. Der de treng utsmykking, kan eg hjelpe dykk, like gjerne små som store oppdrag!
Eg kan levere print på det meste som er flatt, materialer som: Glass, Akryl, PVC, Stål, Betong, Børstet aluminium, Hvit aluminium, Bambus, Dører, Treplater, Lydplater, Kapa, Papp, Papir, Folie osb. Eg har eit stort nettverk i fagmiljøet, og med både nasjonale og internasjonale kontakter, er det berre fantasien som kan sette ein stoppar for kva vi kan få til i lag.
I mitt arkiv finn vi bildemateriale som kan brukast til utsmykking, men det er ingenting i vegen for å skape undervegs. Saman kjem vi fram til det som vil passe best, akkurat til dykkar utsmykkingsprosjekt. Det kan vere de er ute etter noko heilt konkret. Eit spesielt tema, fargar, objekt, mennesker, lokasjonar osb. Eg kan ordne dei perfekte fotografi, akkurat slik de ønsker det. Om eg ikkje har bilda de er ute etter i arkivet, vil eg evt reise til riktig destinasjon eller framskaffe det som trengs til prosjektet, og fotografere til vi har resultatet vi ønsker. I nokre tilfeller vil eg kunne kontakte nokon av mine gode kollegaer, i inn- eller utland, om dei sit på bildematerialet vi treng. Det kan vere kostnadsmessig gunstig for oppdragsgiver, at eg løyser det på denne måten.
Bilder selges med lisens for bruk eller som produkt til utsmykking.
Prises etter størrelse og omfang av bruk.
OM FOTOGRAFEN
Cecilie Hatløy starta si karriere som profesjonell fotograf i 2010. Dei første åra valgte Hatløy å spesialisere seg innan nyfødt- og babyfotografering, og vart raskt kjend for sine nyfødtbilder og Lykkeliten Studio. I dag fotograferar ho like mykje for næringslivet, som for dei private kundane.
Hatløy har også utmerka seg som ein dyktig portrettfotograf, og gjekk i 2018 heilt til topps i portrettkategorien i Landskonkurransen for profesjonelle fotografer i Norge. Ho er også godt kjend for sitt pågåande prosjekt "ØYFOLKET - Ein hyllest til portrettet og menneska". Dei siste åra har Hatløy også markert seg på det kommersielle markedet, og i Landskonkurransen 2019, tok ho både 1. og 2.plass i kategorien "Kommersielt".
Hatløy er ein engasjert og dedikert visuell formidlar, gjennom sine sterke portretter og eigne fotografiske prosjekt. Ho har i tillegg ei brennande interesse for sitt fag, og jobbar for å fremje fotografiet i vårt samfunn.
Hatløy har gjort det skarpt i både nasjonale og internasjonale konkurranser for profesjonelle fotografer.
Nokre av hennes utmerkelser og prisar:
The Qualified European Photographer (QEP) qualification aims to recognise and reward excellence in European Professional Photographers. FEP
2017 - TOPP 10 (7.plass) i Landskonkurransen NFF
2016 - Årets bilde + Årets barnebilde - Møre og Romsdal Fotograflaug (NFF)
2015 - EP kvalifisert
The European Photographer (EP) qualification aims to recognise competence and a professional standard for those who earn their lives as Professional Photographers. FEP
FOTOARKIV.
Som medlem av Norges Fotografforbund forplikter fotografen seg til å ta vare på sitt arkiv i minst 10 år.
Som kunde hos Fotograf Cecilie Hatløy AS, kan du føle deg sikker på at dine bilder oppbevares trygt i lang tid.
ETISKE RETNINGSLINJER + PRISUNDERSØKELSE NFF
Etiske retningslinjer for medlemmer av Norges Fotografforbund.
NFF arbeider for å sikre medlemmane eit miljø for optimal fagleg utvikling, høgast mogleg kvalitet på dei fotografiske produkt som leverast og så sunt miljø for økonomisk bærekraftig virksomhet som mogleg. På denne måten ivaretas våre kunders interesser på best mogleg måte.