NYFØDT
Dei første 2 vekene etter fødselen, er den perfekte tida for nyfødtfotografering i studio. Dei søv fortsatt tungt og ligg gjerne samankrulla som i mors liv. Her kan vi få til dei magiske nyfødtbilda, som lettare lar deg hugse den korte men herlege tida. Om ikkje du har spesifikke ønsker om kva bilder du vil ha, vil eg sørge for at du får eit godt utvalgt av vakre og harmoniske bilder, i høg kvalitet. Eg personleg likar aller best det naturlege og reine uttrykket i bilda, utan for mykje rekvisittar som stjel fokus frå babyen. Under ei nyfødtfotografering vil alltid barnets tryggleik og velbehag vere min høgste prioritet. Det er varmt og godt i studio og vi har god tid. Studio er stressfri sone. De treng ikkje tenke på bekledning til babyen, stort sett er babyen utan klede under fotograferinga. Har de noko spesielt de ønsker å ha med i bilda, ta gjerne med det. Ellers har eg diverse til utlån. Ta med bleieskift og våtserviettar, då det fort blir fleire skift undervegs. Ta gjerne med eit mjukt teppe (ikkje med mønster som set merke i huda) som kan nyttast under måltid. Om de har anledning å ta med smukk til babyen, er det til stor hjelp under fotograferingen, sjølv når babyen ikkje til vanleg tar smukk.
Fotograferinga varer i 2-4 timar. Det er derfor lurt å ta med seg litt drikke/mat/snacks.
For å vere sikra å få plass, til babyen kjem, er det lurt å ta kontakt med meg allereie under graviditeten. Eg set av studiotid til dykk, rundt termindato. Dagen etter fødselen er det fint om de kan sende meg ein beskjed, slik at eg får sett av ein dag til fotografering, innan babyen er 14 dagar.
Pris nyfødtfotografering 2500,-
Inkluderert i pris: Webgalleri med vannmerka visningsbilder. Arkivhold i minimum 10 år.
Bildeprodukter og/eller digitale bildefiler kjøpast seperat. Sjå eiga prisliste for kjøp av bilder.
BABY (2-9 mnd)
Babytida flyg av stad, og det første året er der mange milepæler og øyeblikk vi gjerne vil forevige! Dei første smila, den første tida der babyen klarer å forflytte seg av eiga maskin, babyen kan sitje opp sjølv, babyen elskar sang og titthei-bø leiken, og byr på dei skjønnaste ansiktsutrykka! Babytida (2-9 mind) er ei fantastisk tid å fotografere babyen i, og uansett kva fase de velg å hyre fotografen til, så kan vi garantere flotte bilder som vil leve i generasjonar! Fotograferinga foregår i vårt godt oppvarma studio, eller om ønskelig, heime hjå familien for eit meir dokumentarisk resultat. I studio har vi alt av pledd og anna utstyr som trengs til fotograferinga, men ta gjerne med babyens eige teppe eller bamse, for å skape ei ekstra personleg og koselig steming. Fotograferinga varer i 1-2 timer.
Pris babyfotografering 1500,-
Inkluderert i pris: Webgalleri med vannmerka visningsbilder. Arkivhold i minimum 10 år.
Bildeprodukter og/eller digitale bildefiler kjøpast seperat. Sjå eiga prisliste for kjøp av bilder.
BARN
Eg elskar å fotografere barn! Dei første åra i eit barns liv, er endringane og utviklinga så enormt stor, og eg undrar meg kvifor vi ikkje fotograferar fleire barn mellom 1 og 15 år. Tida frå eittårsalderen og fram til barnet er konfirmant, er barnet i ei vakker utvikling, som er vel verdt å forevige!
- 9-10-åringen: Dei empatiske evnene er godt utvikla og barnet er meir bevisst på omgivelsene rundt seg.
- 7-8-åringen: Kreativ, morsom, hyggelig og entusiastisk, og kvardagen glir lett.
- 6-åringen: Skuleklar og viljesterk. Klar for eit nytt trinn i livet.
- 5-åringen: Er komen i ein meir harmonisk alder, og er på ein topp når det gjelder motorisk utvikling, er ofte full av fart og energi.
- 3-4-åringen: Mykje aktiv leik. Utforskartrangen er på topp og interessa for rolleleik har begynt å melde seg for fullt.
- 2-åringen: Er opptekne av små ting og detaljar. Dei likar å høyre forteljingar og lese enkle bøker.
- 1-åringen: Barnet er meir mobilt, det brukar språket til å gjere seg forstått, og det begynner så smått å utvikle identiteten sin.
Erfaringsmessig kan det bli litt hektisk i studio, når vi skal fotografere 1-åringen. Men når både foreldra og eg er godt forberedt, vil det gå strålande. Tenk gjerne gjennom kva ditt barn syns er gøy. Songar, dyrelydar, tøysete leikar, eller andre morsomme ting som kan fange interessa til barnet. Ta gjerne med ein smoothie, drikke, rosiner eller anna rask energi, slik vi kan ta småpauser inn i mellom. Strikka klede, lette sommarklede, enkelt og tidlaust er mine tips til bekledning. Unngå klede med store trykk og bokstavar. Hvis de har eigne rekvisittar dere vil bruke under fotografering, så er det sjølvsagt heilt i orden å ta med. Alt av klede, utstyr og rekvisitter i studio er sjølvsagt også til utlån.
Ta gjerne kontakt om du ønsker eit litt meir kunstnerisk og spesielt portrett av ditt barn, så kan vi saman legge ein plan for bekledning og evt rekvisittbruk. Alt er mogleg!
Pris barnefotografering 2000,-
Inkluderert i pris: Webgalleri med vannmerka visningsbilder. Arkivhold i minimum 10 år. Bildeprodukter og/eller digitale bildefiler kjøpast seperat. Sjå eiga prisliste for kjøp av bilder.
KONFIRMANT
Plutselig var det din tur! Du har konfirmant i huset, eller kanskje er det du som skal konfirmere deg? Uansett, dette er kanskje siste gang du går til fotografen, før eit evt giftarmål! Ei utruleg viktig fase i livet til tenåringen, ei tid der mykje skjer!
Her er mine tips til deg som konfirmant, for ei vellykka fotografering!
- Ikkje legg fotograferinga til same dag som sjølve konfirmasjonsdagen, da ønsker du å bruke tid saman med familie og vennar.
- Har du ei interesse eller hobby, noko du via mykje av fritida di på? Kanskje kan vi fotografere deg i eit miljø, eller med rekvisittar som seier noko om dine interesser?
- Tenk variasjon i bilda. Vi ønsker at både du og resten av familien din skal bli nøgde med bilda. Derfor bør vi ta ulike bilder, både dei klassiske bilda som bestemor og bestefar likar best, men også dei du tykkjer er kule. Foreldra dine kan også vere gode hjelpera, det er tross alt dei som kjenner deg aller best, og kanskje kan dei kome med tips til deg og meg.
- Slapp av og senk skuldreane før fotograferinga. Det er heilt normalt å vere spent i forkant av fotograferinga, for kven har vel mykje erfaring foran kamera? Ikkje stress, eg guida deg gjennom shooten, og det her skal bli aller mest kjekt!
- mobilbilder eller at et familiemedlem forsøker seg på jobben og resultatet bare blir sånn halvvegs?
Som profesjonell fotograf sikra eg dykk gode bilder som varer i generasjonar, og som de stolt kan ta med dykk vidare i livet. Det er ikkje alltid det luraste er å la familiemedlemmet med det nyaste og beste utstyret, ta seg av fotograferinga. Utstyret er kun ein liten del av jobben, og konfirmanten fortjenar profesjonelle bilder av ei slik viktig fase i livet!
Mange ungdommar synes det er ekstra kjekt, om dei får lov å gjere noko i lag med ein kompis, eller ei veninne. Derfor tilbyr eg no felles fotografering for dei konfirmantane som ønsker det. Denne type fotografering skjer på avtalt lokasjon, og ikkje i studio.
2-4 konfirmantar kan fotograferast på same tid. Pris 1500,- pr pers.
Pris konfirmasjonsfotografering 2000,-
Inkluderert i pris: Webgalleri med vannmerka visningsbilder. Arkivhald 10 år.
Bildeprodukter og/eller digitale bildefiler kjøpast seperat. Sjå eiga prisliste for kjøp av bilder.
SØSKEN- OG FAMILIE
Ta med deg dine nære og kjære på familiefotografering. Veldig mange av oss har på eit eller anna tidspunkt sagt: "Vi burde absolutt tatt bilder av familien, vi har ingen gode bilder av oss, der alle er med!". Det kan eg hjelpe dykk med! Dei viktige familiebilda bør ikkje utsetjast for lenge, plutselig er barna vaksne, og flyttar for seg sjølv, då blir det fort enda meir utfordrande å få samla troppen til fotografering. Familiefotografering kan takast når som helst, med små barn, mellomstore barn og vaksne barn, alt er mogleg og like fint. Mange ønsker også å ta med besteforeldre, og det er veldig fint! Familiefotografering kan foregå enten i studio eller på annan avtalt lokasjon som f.eks. i skogen, ved sjøen, på hytta, i heimen, på garden eller i parken. Lokasjonsfotografering kan gjerne foregå på ein stad de har tilknytning til, men eg har også mange gode forslag til plassar det er fint å fotografere.
Når vi først er i gang med fotografering, tar eg gjerne bilder av dykk alle samla, barna i lag, foreldra i lag, og om der er tid og det er ønskelig, så tar eg gjerne bilder av ein og ein også. Om det er snakk om å fotografere fleire enn 6 personar samtidig, foreslår eg fotografering utandørs, eller evt på ein stad som er større enn studio.
Generell info:
- Fotograferinga varer inntil 2 timar. Ved større grupper der ein treng meir enn 2 t., pris på forespørsel.
- Tips til bekledning: Unngå store logoar/skrift på kleda. Det er lurt å velge kle som harmonera med kvarandre, velg klede med ca same kontrast. Enten lyse eller mørke tonar, og ca same fargenyansar. Dette gir bilder som er behagelig å sjå på. Er det haust eller vinter ute, er strikk og ullklede fint. Er det vår eller sommar, er det veldig fint med klede i pastell fargar, som lys blå, dus rosa, beige, lys brun osb. Ved et bestemt type oppdrag kan bekledning avtales nærmere. Spør meg om de er usikker.
- Har de spesielle ønsker for fotograferinga, gi meg gjerne eit vink om det, i forkant av fotografering.
Pris søsken- og familiefotografering 2500,-
(pris på grupper over 6 pers, fra kr 3000,-)
Inkluderert i pris: Bilkøyring inntil 20 km er inkludert. Webgalleri med vannmerka visningsbilder. Arkivhold i minimum 10 år. Bildeprodukter og/eller digitale bildefiler kjøpast seperat. Sjå eiga prisliste for kjøp av bilder.
RESERVASJON GJØRES TIDLIGST 3 MND FØR BRYLLUPSDAGEN.
ENDELIG VAR DEN STORE DAGEN KOMEN!
Å fotografere bryllup er ei viktig og stor oppgåve, som eg tek på største alvor. Bilda skal fange kjærleiken mellom to mennesker, gjenspeile den store dagen og gi verdifulle minner. Med min mange års erfaring som profesjonell fotograf, er det trygt å velge meg som dykkar bryllupsfotograf. Hjå meg får du ikkje kun digitale filer på en minnepenn – men også kvalitetsprodukt som skal følge dykk gjennom heile livet, generasjon etter generasjon. Det ligg minst like mykje kompetanse i prosessen som skal skje etter fotograferinga er gjort. Bilda skal skal komponerast og justerast, til bildet er perfekt. Dette er ein krevende og kreativ prosess, men som er uhyre viktig for det beste resultatet.
Det kan være lurt å bestille bryllupsfotografering tidleg, dei mest populære datoane går fort. Besøk meg gjerne på kontoret, for ein uforpliktande prat. Der kan vi også sjå på ulike produkt eg kan tilby dykk i etterkant av fotograferinga.
Ønsker de eksepsjonelle bilder, tatt på ein lokasjon eller på eit tidspunkt som er utilgjengelig på sjølve bryllupsdagen? Fortvil ikkje, det er fullt mogleg å ta ein ekstra fotograferingsdag, der alt stress og nervøsitet er lagt bak seg! Denne type fotografering kan eg gjerne tilby dykk, også om eg ikkje var fotografen dykkar på sjølve dagen!
Det er dessverre ikkje mulig å booke heildagsfotografering hos meg, max 6 timers fotografering.
Ordinær Bryllupsfotografering fra 5000,-
Inkluderert i pris: Webgalleri med vannmerka visningsbilder.
Bildeprodukter og/eller digitale bildefiler kjøpast seperat. Sjå eiga prisliste for kjøp av bilder.
OM FOTOGRAFEN
MASTER QEP - FOTOGRAF CECILIE HATLØY
Fotograf med svennebrev, starta si karriere som profesjonell fotograf i 2010. Dei første åra valgte Hatløy å spesialisere seg innan nyfødt- og babyfotografering, og vart raskt kjend for sine nyfødtbilder og Lykkeliten Studio. I dag fotograferar ho like mykje for næringslivet, som for dei private kundane.
Hatløy har også utmerka seg som ein dyktig portrettfotograf, og gjekk i 2018 heilt til topps i portrettkategorien i Landskonkurransen for profesjonelle fotografer i Norge. Ho er også godt kjend for sitt pågåande prosjekt "ØYFOLKET - Ein hyllest til portrettet og menneska". Dei siste åra har Hatløy også markert seg på det kommersielle markedet, og i Landskonkurransen 2019, tok ho både 1. og 2.plass i kategorien "Kommersielt".
Hatløy er ein engasjert og dedikert visuell formidlar, gjennom sine sterke portretter og eigne fotografiske prosjekt. Ho har i tillegg ei brennande interesse for sitt fag, og jobbar for å fremje fotografiet i vårt samfunn.
Hatløy har gjort det skarpt i både nasjonale og internasjonale konkurranser for profesjonelle fotografer.
Nokre av hennes utmerkelser og prisar:
The Qualified European Photographer (QEP) qualification aims to recognise and reward excellence in European Professional Photographers. FEP
2017 - TOPP 10 (7.plass) i Landskonkurransen NFF
2016 - Årets bilde + Årets barnebilde - Møre og Romsdal Fotograflaug (NFF)
2015 - EP kvalifisert
The European Photographer (EP) qualification aims to recognise competence and a professional standard for those who earn their lives as Professional Photographers. FEP
FOTOARKIV.
Som medlem av Norges Fotografforbund forplikter fotografen seg til å ta vare på sitt arkiv i minst 10 år.
Som kunde hos Fotograf Cecilie Hatløy AS, kan du føle deg sikker på at dine bilder oppbevares trygt i lang tid.
ETISKE RETNINGSLINJER + PRISUNDERSØKELSE NFF
Etiske retningslinjer for medlemmer av Norges Fotografforbund.
NFF arbeider for å sikre medlemmane eit miljø for optimal fagleg utvikling, høgast mogleg kvalitet på dei fotografiske produkt som leverast og så sunt miljø for økonomisk bærekraftig virksomhet som mogleg. På denne måten ivaretas våre kunders interesser på best mogleg måte.